Veringsåe

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. februar 2022 kl. 09:48 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt mht. regulering av elva)
Hopp til navigering Hopp til søk

Veringsåe er ei elv i fjellheimen nord-vest for Breive i Bykle. Elva kjem frå Veringsvatnet, renn nedover dalsida aust for Veringsnuten og ut i Breivevatnet i Osen. Vassføringa i nedre del av elva er redusert, då vatnet ved eit bekkeinntak blir overført til Store Førsvatn via overøringstunnelen mellom Lislevatn og Store Førsvatn. Maksimalt inntak av vatn i bekkeinntaket er 36 m3/s. Flomoverlaup går i det naturlege bekkefaret ned til Breivevatnet. Lenger oppe langs vasstrengen er Veringsåe kraftverk under bygging.

Det går ein anleggsveg, Breiveheii (bomveg), frå Breive vestover og forbi Veringsåe.

Kjelder

  • Søknad om konsesjon for Veringsåe kraftverk, dagsett 25. februar 2015
  • Otteraaens Brugseierforening, Revisjonsdokument – Reguleringskonsesjoner i Otravassdraget, dagsett 2. juli 2021

Kart