Fylkesveg 3798
Foto: Geir Daasvatn
Fylkesveg 312 startar frå Riksveg 9 i krysset sør for Evje sentrum, går nordover gjennom sentrum til Arendalskrysset, passerer der over Fylkesveg 42 (Arendalsvegen), og fortset vidare nordover forbi Evje ungdomsskule, Evje barneskule og Oddeskogen bustadfelt til Evje kyrkje. Ved kyrkja munnar vegen ut i Fylkesveg 306 (Gautestadvegen). Vegen er 2,3 km lang.
Dei lokale namna på Fv-312 er Nils Heglands veg gjennom Evje sentrum til Arendalskrysset, og Evjevegen frå Arendalskrysset til Evje kyrkje. Fram til «kompensasjonsvegen» kom gjennom Evje rundt 1966 var dette vegstrekket ein del av hovudvegen gjennom Setesdal.
Kjelder
- Artikkelen om Fylkesveg 312 på Wikipedia (bokmål), besøkt 25. mars 2019
- Staten vegvesen sitt vegkart
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 83