Reima
Reima var eit transportband ved Flåt nikkelgruve. Bandet kom på plass då gruveanlegget fekk elektrisk straum i 1910. Unge jenter, fordelt på tre skift, stod på kvar si side av transportbeltet og sorterte malm. Steinane var knyttnevestore. Millionar av desse steinane ligg i Øvre slamdam og Nedre slamdam som blei bygd seinare.
Om vinteren var det svært kaldt å stå og sortere malm. Arbeidet måtte gjerast utan vottar. Etter kvart blei anlegget meir og meir automatisert, og det vart færre og færre kvinnelege arbeidarar. Etter 1937 var det bare ei kvinne på kvart skift. Oppgåva var då å plukke vekk treverk som låg mellom steinane.
Kjelder
- Kari Østensen Skavoll, Mineralrikdommen som endret en bygd. Lærerhefte for grunnskolen, utgitt av Evje barneskule, 2006, side 17