Flateland kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. september 2021 kl. 06:08 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om anleggsstart i 2021)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Kjetevatn Vegusdal 140816.jpg
Kjetevatn skal vere magasin for kraftverket.

Flateland kraftverk er eit planlagt kraftverk i Vegusdal i Birkenes. Olje- og energidepartementet gav løyve til bygging ved vedtak av 13. september 2013, med seinare justeringar i vedtak dagsett 27. november 2015. Kjetevatn skal vere magasin for kraftverket. Vatn skal overførast frå Hovlandsåna ved Myklebostad til Kjetevatn gjennom ein ca. 5 kilometer lang tunnell. Ein ca. 2,5 kilometer lang tillaupstunnell skal føre vatnet frå Kjetevatn til sjølve kraftstasjonen på Flateland.

Etter over 20 år med planlegging starta anleggsmaskinane på prosjektet 30. august 2021.

Kjelder