Uppstadvegen

Foto: Geir Daasvatn
Uppstadvegen tek til frå Riksveg 9 nord for Nomeland i Hylestad, og går bratt oppover i terrenget om lag ein kilometer til Uppstad-grenda. Frå Uppstadvegen går Syndre Hylesdalsvegen og Støyledalsvegen vidare innover i heia vest og nord for Uppstad.