Byklestigen

Byklestigen er eit særdeles vanskelig og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle i Setesdal. I dag går riksvei 9 i tunnel på dette stedet.
Byklestigen var ei bratt kleiv med rekkverk på begge sider. Vegen var så bratt at ein ikkje kunne ri og heller ikkje ha kløv på hesten utan at det var folk til å hjelpe. Om vinteren var det spesielt vanskeleg når det frå fjellet seig vatn som fraus til is.
Byklestigen vart vald til Bykle kommunes kulturminne i kulturminneåret 1997. Vegen er foreslått verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner.[1]
Bileta i svart-kvitt frå 1975 viser ein nyrestaurera Byklestig, der Aust Agder Vegvesen hadde gjort eit grundig arbeid. Dei bruka mellom anna trenaglar i staden for spiker ved samanføying av tømmeret. Det skulle vera 71 trinn til toppen i sørenden i 1975.
Vegsjef Johannes B. Irgens var spesielt oppteken av å få restaurera Byklestigen, og det var Tor Trydal og Knut Bjørnarå frå Bykle som utførte arbeidet.
Bilete frå Byklestigen
Reidar Tveito tok svart-kvitt-bileta frå Byklestigen etter restaureringa i 1975.
-
Informasjonsskilt i 1975
-
Det er bratt å gå her
-
God utsikt frå toppen
-
Mot Bykil på nordsida
Andre bilete
-
Før restaureringa (1974)
Referanser
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå avsnitt om Byklestigen)
Kjelder
- Trygve Skuggedal: 71 trinn og du er på toppen. Artikkel i «Dagbladet Sørlandet», 2. august 1975, side 7.