17. mai 2020 i Valle
Feiringa av 17. mai 2020 i Valle var eit samarbeid mellom Valle kommune, kyrkja i Valle og Hylestad og Valle Radio som ga ein 17. mai utanom det vanlege. Ein innspela gudsteneste vart send både som lyd via FM og sendarane til Valle Radio og video via facebooksidene til Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad, Valle radio og Kultur i Valle (Valle kommune). Biltoget frå Rysstadmo til Valle bygdeheim fekk musikk og informasjon via FM og internett frå Valle Radio, og noko føre klokka 13 stod Torunn Charlotte Nyberg klar ved Valle bygdeheim med mikrofon for å fortelje om stemninga der fram til nasjonalsongen vart sungen saman med heile Noreg klokka 13. Dei tre versa var trykt på baksida av Bygdenytt for mai 2020. Alle vart oppmoda til å bli i bilane, utanom når nasjonalsongen vart sungen. Då skulle dei stå ved bilane og syngje.
Etter dette løyste biltoget seg opp, og månge køyrde til Essoen / Frikyrkja for å hente seg is der. 14.30 starta festprogrammet som vart send via Valle Radio.
Sendingane blei vist på Valle bygdeheim, og der var det og utstilling av teikningar med 17.mai som tema, laga av ungar frå barnehage og småskuletrinn. Utstillinga vart seinare vist i Sæbyggjen, så alle andre og kunne glede seg over den.
Programmet
- 10.00: Sendinga frå Valle Radio startar
- 10.30: Videogudsteneste
- 11.30: Biltog med veterankøyretøy og bilar, leia av Agder motorhistoriske klubb avdeling Setesdal. Starten var ved Rysstadmo industriområde, med stopp for kransenedlegging ved bautaen ved Hylestad kyrkje. Folk kunne slutte seg til kortesja i Valle, stelde seg opp i skuleområdet og langs vegen fram til krysset ved skulen. Det vart oppmoda til glidelåskøyring. Kortesja stogga og ved Valle kyrkje for kransnedlegging. Toget gjekk så via RV 9 nord til ho tok av mot Homme og køyrde sørover via grendevegane gjennom Homme og Tveitebø. På den gamle riksvegen nedafor Valle bygdeheim var det hengt opp høgtalarar i lyktestolpane, og toget stoppa på strekninga Tveitebø-Nordibøkrysset, for felles synging av nasjonalsongen kl. 13. Biltoget løyser seg så opp.
- 12.50: Torunn Charlotte Nyberg gjev eit høyrebilete av stemninga, bilane og anna frå vegen ved bygdeheimen.
- 13.00: Heile Noreg song tre vers av nasjonalsongen «Ja, vi elsker dette landet»
- Utdeling av is ved Frikyrkja / Essoen.
- 14.30: Sending av festprogram ved Valle radio, med mellom anna
- Tale for dagen ved ordførar Steinar Kyrvestad
- Utdeling av utviklingsstipend for innan kultur og idrett for ungdom til Ingrid Mathilde Bjørgum Sagneskar, Heidi Marie Kyrvestad, Elin Uppstad, Aron Åkre Rysstad og Eivind Tanche-Larsen Knutsen
- Kulturelle innslag
- Glimt frå dagens biltog og kransenedlegging
- Film frå 17.mai 2019
- FAU i Valle laga til eit bilrebusløp i heile kommunen.
Teknisk personell
Gudstenesten var ved Kreativ Videoproduksjon, frå Valle Radio filma Jørund Georg Jore og Ørnulf Hasla. Sistnemnde hadde og selfiestick og smarttelefonen med og fekk på så vis prata med folk på trygg avstand. Ein av desse direktesende samtalane var med leiaren for Agder motorhistoriske klubb avdeling Setesdal, Jan Olaf Rysstad. Kjetil Carolis Jore sytte mellom anna for at lyden vart høyrd utandørs ved bygdeheimen, og Siri Johannessen hadde ansvaret for køyremusikk og teknikk frå radio-studioet.