Hisdal naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. august 2020 kl. 08:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hisdal naturreservat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hisdal naturreservat er eit 16 392 dekar stort naturreservat i Bykle kommune. Det blei oppretta 19. desember 2008 og ligg sør for Botsvatn og Steinsbuskardet-Hisdal biotopvern. I sør ligg Ljosådalen naturreservat og i vest grenser Hisdal naturresrvat til Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Verneområdestyret for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er forvaltningsorgan for området.

Føremålet med vernet er å ta vare på eit viktig kalvingsområde for villrein og eit stort skog- og heieområde som er representativt for Indre Agder med ein furuskog der trea har uvanleg store dimensjonar.

Kjelder

Kart