Bjones

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. august 2020 kl. 08:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjones 6. juni 2020.

Bjones er ein gamal husmannsplass under Stavenes i Bykle kommune. Bjones vart delvis sjølveigareigedom så tidleg som 1764, og matrikulert til eige bruk i 1843. Bruket ligg ved riksveg 9 omlag 3 km sør for Bykle kyrkje, på den austre stranda av Bykil. Enkelt sagt ligg bruket ved nordenden av tunnelen gjennom Sandefjellet.

I gammal tid var det ferjestad her. Oppsitjaren i Bjones hadde arbeid med å ro folk og varer som skulle nordetter dalen over vatnet til Vettsto ved Lambeto. I ei kontrakt med presten om plassen frå 1795 heiter det såleis at «... Bjones bestandig har været, og herefter stedse skal forblive et Færgested til Sognets Almues og Reisendes Befordring.»

Kilder

Kart

Laster kart ...