Kjetså gravfelt

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. oktober 2019 kl. 09:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjetså gravfelt)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein av rundhaugane i gravfeltet på Kjetså 11. oktober 2019.

Kjetså gravfelt ligg rett ved SveindalskryssetKjetså i Hornnes. I dag er det tre rundhaugar og to langhaugar i feltet. Ein rundhaug skal tidlegare ha blitt jamna ut under vegbygging. Opphaveleg har det såleis vore seks gravhaugar her. Alle haugane ser ut til å vere gravne i. Men dei er ikkje arkeologisk undersøkt av fagfolk. I kultursoga for Evje og Hornnes er det sagt at dei fleste gravhaugane i bygda truleg er frå folkevandringstida.

Kjelder

Kart