Haukomvatnet

Foto: Geir Daasvatn
Haukomvatnet ligg rett nord-vest for Engesland i Vegusdal heilt nord i Birkenes. Vatnet har eit flatemål på 2,7 kvadratkilometer, og er av dei største i Vegusdal etter Ogge. Om lag 500 meter rett nord for vatnet ligg garden Austre Haukom. Fylkesveg 291 mellom Engesland og Iveland passerer forbi vatnet på sørsida. Frå Haukomvatnet til Ljosevatnet renn Engeslandsåna.