Fiskebollar til julemiddag
Fiskebollar til julemiddag er eit intervju Erik Kjebekk hadde med Gudrun Omdal i 1995. Det står i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.
Fiskebollar til julemiddag
Ein vakker dag med mildver og solskin midt i desember stig eg inn i stova til Gudrun Omdal som no bur på Gamleheimen på Hornnes. Då ein fløy av Gamleheimen vart ombygd til tre leilegheiter i 1988, flytte Gudrun inn i ei leilegheit etter at ho fyrst nokre år hadde budd på sjølve Gamleheimen.
Eg er ute etter å få Gudrun til å fortelje trekk frå eit langt liv. Sjølv om ryggen plagar henne og høyrsla ikkje er som før, så er ho åndsfrisk og minnest godt langt tilbake i tida. Gudrun les den eine boka etter den andre. På salongbordet ligg den nyss utkomne boka med gamle bilete frå Evje og Hornnes.
- Den boka var svært interessant, seier Gudrun. – Eg kjende mange av dei personane som er avbilda. Og gildt var det å bli minna på korleis kjende stader såg ut i gamle dagar.
Gudrun er fødd i 1905, så i september høgtida ho 90 års dagen sin. Mora, Tone, kom frå bruket Skånevollen i Flatebygd og faren, Torvald, frå Omdal i Hægeland. Han kom til Evje frå Kristiansand saman med foreldra då han berre var ein skulegut. Skulen fullførte han på Rosseland.
Minne frå barneåra
- Då mamma og pappa gifta seg, bygde dei hus på Gudvang eller Verksmoen, som me ofte seier til dagleg. Huset låg ikkje mange hundre meter frå Verket. Den svovelhaldige røyken frå Verket var plagsom, særleg når klesvasken var hengt opp til tørk og veret stod mot huset. Då måtte me ofte skylje kleda ein gong til.
- Sommarstid var Verket sett ut av produksjon – eg trur det stod stille i tre månader. Då kunne me dyrke poteter og gulrøter. Men så snart røyken igjen steig frå pipa på Verket, vart det brunsvidd over alt i ein stor omkrins.
Gudrun gjekk på skule på Evje. Skulehuset som vart bygd i 1904, låg om lag der Ungdomsskulen no er. Lærarar var Mari Roland Stien og Anders Tveitstøl. Siste skuleåret hadde Gudrun Torvald Haavardstad til lærar. – Han var populær i barneflokken, fortel Gudrun, - ung og spenstig som han var. Gudrun hugsar også at han ein dag tok elevane med opp på Fennefossfjellet. Derifrå hadde dei panoramautsikt over Evje og Hornnes.
- Eg gjekk og las for sokneprest Fjellbu, far til seinare biskop Arne Fjellbu. Eg høyrde til det siste konfirmantkullet han hadde før han vart pensjonist.
To minne frå barneåra har særleg brunne seg fast i Gudrun. Det eine er då minstejenta i heimen døydde av polyomylitt berre 3 ½ år gamal. – Eg ser enno for meg mamma og pappa då dei sat og sørgde over barnet dei hadde mista.
Det andre minne er då faren vart kalla ut på nøytralitetsvakt i 1914. – Pappa arbeidde då på saga til Johan Hegland. Då han blei innkalla til vaktteneste, lånte han hesten til Hegland og køyrde heim ved frå saga. Så bar det til butikken der han kjøpte mjøl, sukker og andre varer. Eg tykkjer enno eg ser han for meg då han tok farvel med oss og gjekk over tunet heime….
Songglede
Gudrun tok ut på arbeid då ho berre var 15 år gamal. Fyrst var ho tre år på Landeskogen, så reiste ho til Kristiansand der ho arbeidde fleire stader, mellom anna i ein slaktarbutikk hos onkelen sin på Lund.
Medan ho budde i Kristiansand, var ho i fleire år med i eit blandakor i Misjonshuset. – Det sette eg stor pris på, seier Gudrun. – Eg har alltid likt song og musikk. Dessutan hadde dei sosiale venskapsbanda som vart knytta mellom oss som var med i koret, mykje å seie for meg. Eg minnest at Olav O. Bjorå også ei tid var med i det koret. Alt då viste han sine store musikalske evner. Når den faste dirigenten ikkje var til stades, var det Olav som måtte dirigere koret.
- Ei tid etter at eg hadde flytta heim midt på 1930-talet, starta Ola Bjorå opp Evje blandakor. Der vart eg med. Dei fleste øvingane hadde me i bustaden til Olav på Evje Auto. Og me song i kyrkja, på bedehuset og andre stader. Stundom var me på tur med koret. Eg minnest at me ein gong under krigen var til Birkenes og song i kyrkja der. Bilen gjekk på vedgass, så me heldt langt frå same farten som bilane har i dag. Men me kom då fram, lell.
- Olav O. Bjorå var ein svært dyktig dirigent som levde med i songen. Stundom kunne han verte så gripen av songen at tårene rann nedetter kinna medan han dirigerte. Det vart eit stort tap for bygda då han flytta til folkehøgskulen på Birkeland etter krigen.
Gudrun kjenner på vemod når ho i dag ser på bilete av koret som også er tatt med i boka med gamle bilete frå Evje og Hornnes. Berre ein av mennene – Knut Jokelid – og fem av kvinnene lever. Slik er livet…
Lang arbeidsdag hos Brødrene Gullestad
Ein sommar midt på 1930-talet sette Gudrun seg føre at no ville ho ville vere heime eit par månader. – Men ein dag kom Erling Gullestad heim til oss og spurte om eg kunne tenkje meg å arbeide hos dei i landhandelen. Dei var då i ferd med å flytte inn i dei nye lokala i Evje sentrum. Den gamle butikken heldt til i det nye huset der Eldresenteret no held til. Difor talar me framleis om Gullestad-huset, Gullestad-brua og Gullestad-bakken.
Eg tok imot jobben, og der vart eg verande i bortimot 30 år. Ei lang tid stod eg i kjøtdisken. Kjøtet var berre grovpartert då me fekk det. Eg måtte dele det opp for hand utan maskin. Det var eit svært tungt arbeid.
- Størsteparten av kjøtet vart innkjøpt hos Åsmund Nordbø i Flatebygd. Notto Flåt køyrde det ned til butikken. Me hadde ikkje frysedisk den gongen, så kjøtet måtte helst omsetjast ikkje mange dagar etter dyra var slakta. Me fekk inn dyreskrottar på torsdag, og var det då noko kjøt att som ikkje var utselt på laurdag, vart det salta ned. Når kulden var streng om vinteren, hende det at kjøtet vart hengt opp ute på verandaen og djupfrose der.
Under krigen var det lite kjøt å få kjøpt. Alt var rasjonert. – Hestehakk var lite populært, så det hende at ikkje all hestehakken vart utselt når butikken stengde på laurdagen. Eg var glad til at eg kunne få kjøpt med meg heim noko hestehakk, seier Gudrun.
Krigsåra
Då krigen kom til Evje i aprildagane 1940, drog Gudrun saman med foreldre og søsken opp til Høgetveit. Der var dei då tyskarane bomba Evjemoen. På det meste var 42 menneske samla på Høgetveit nokre dagar. Det er mest utruleg at husa kunne rome så mange. – Eg hugsar at kjøpmann Torgeir Lund var den siste som la seg om kvelden. Han fekk rom på kjøkkenet.
- Men det var ikkje så mange dagane før me flytta heim igjen. Det var så mange menneske som skulle handle, så eg måtte berre kome i gong igjen.
Ei spesiell hending frå krigsåra har sett seg fast hos Gudrun, det var då braut ut brann på Verket på sjølvaste julekvelden.
- Eg trur det julaftan 1942 eller kanskje 1943. Mot kvelden var blandakoret nede på fengselet og song for fangane. Torgeir Lund som også var med i koret, hadde samla saman noko krisesjokolade som me hadde med til fangane. Eg gledde meg vel mest til å kome heim. For dette året skulle me ha fiskebollar til middag. Tenk fiskebollar, det var reine herrekosten!
- Medan me sat til bords og naut maten, gjekk brannalarmen borte på Verket og me såg flammane som lyste opp i vintermørket. Eg hadde nettopp gått på eit førstehjelpskurs og tenkte at eg kanskje burde gå bort for å sjå om nokon var skadde og trong hjelp. Av ein eller annan grunn gjekk eg likevel ikkje bort til brannstaden, og det vart eg glad for i ettertid. Nokre av nordmennene som møtte fram, var arresterte. Tyskarane trudde det var sabotasje.
Ungdomsforeninga på Evje
- Eg var med i den kristelege ungdomsforeninga på Evje. På møta var det den gongen alltid ein som hadde ansvaret for å lese opp avisa – eit stykke som anten var sjølvprodusert eller tatt frå andre publikasjonar. Eg kvidde meg alltid for å lese opp avisa. Kunne eg berre sleppe avisa, tok eg gjerne på meg å vere med i festkomiteane.
- Eg stod difor ofte på kjøkkenet og laga mat. Til festmat kunne komiteen velje mellom smørbrød og kake. På juletrefestane vart det ofte servert julekake og tebrød, ja, det hende at me serverte smørbrød også.
- Ungdomsforeninga hadde alltid juletrefest, likeeins søndagsskulen. Og eg trur også nokre av misjonsforeiningane hadde juletrefestar.
Under krigen var det vanskeleg å lage til fest. Gudrun hugsar at ein gong tok dei ein runde rundet til fleire bønder og spurde om dei hadde mjølk å gje til ein søndagsskulefest. Det fekk dei. Festen var berga, borna fekk god kakao.
Gudrun har nådd ein høg alder. Og når helsa ikkje lenger er som i yngre år, er ho glad for den hjelpa ho får. - Eg har det så godt, seier ho når eg tek farvel med henne.
- Intervju frå 1995