Kjetsåbakken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. januar 2018 kl. 08:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjetsåbakken.
Foto: utlånt av Alf Georg Kjetså

Kjetsåbakken var ein hoppbakke på Nedre Kjetså - Neregarden, i kanten av Voilan, på Kjetså i Hornnes. Opprinneleg skal han ha blitt kalla Smiebakken, medan ein annan bakke på Kjetså vart kalla Kjetsåbakken. Men i den "første" Kjetsåbakken blei det av ulike grunnar slutt på hoppinga, og ein gjekk då etterkvart over til å kalle Smiebakken for Kjetsåbakken.

Kjetsåbakken (Smiebakken) var mykje i bruk på 1940-talet. Det var bygd opp eit bra stillas i bakken, slik at hopparane fekk god fart. Dei flinkaste kunne hoppe rundt 27-28 meter. "Byggmeisteren" bak bakken var Åsmund O. Kjetså.

Kjelder