Hopp til innhald

Anna Stella Karlsdottir

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. juli 2012 kl. 10:04 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Anna Stella Karlsdottir)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Anna Stella Karlsdottir (fødd 1955 i Island) er styrar på Setesdalsmuseet. Ho er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen i 1992 med hovudoppgåva «Fra reiseskildring til turistbrosjyre - en analyse av hvordan utvalgte kulturelementer blir etablert som symboler for en lokal kultur, og hvordan de samme kulturelementene blir brukt i dagens turistbrosjyrer». Støttefaga hennar var folkloristikk og psykologi. Same hausten vart ho tilsett som museumspedagog på det då nybygde Setesdalsmuseet. Ho hadde tidlegare arbeidd som omvisar på Bygland Tun fleire somrar. Då Thor Gunnar Hansen i 1996 gjekk ut i permisjon og sidan slutta som styrar, vart Anna Stella Karlsdottir tilsett som dagleg leiar av museet.

Kjelder

Eksterne lenker