Kommunevåpenet i Bygland kommune

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. desember 2017 kl. 08:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunevåpenet i Bygland.

Kommunevåpenet i Bygland kommune er på grøn grunn ei oppspringande gaupe i gull.

Kommunen nyttar kommunevåpnet «med bevæpring», det vil seie at ein let klør, augo og tenner vere kvite (sølv) og tunga raud. Den grøne fargen symboliserar at kommunen er ein landbrukskommune med store skog- og heievidder. Jord- og skogbruk er dei viktigste næringsvegane i kommunen. Gaupa er knytta til skogkledde, storkuperte landskap med bratte liar som strekkjer seg opp mot høgfjellet. Bygland er første kommunen i sjølve Setesdal når ein kjem nordover frå kysten. Her møter ein bratte skogkledde fjellsider som har gjeve livsvilkår for kanskje den sørlegaste reproduserande gaupestamma i landet.

Gaupa symboliserar «porten» mellom reint jord- og skogbrukslandskap i låglandet og eit «villare» og meir fjellrikt landskap. Den oppspringande profilen kan vere med å understreke det bratte landskapet som er typisk leveområde for gaupa.

Sjå også

Kjelder