Åseral Nord

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. desember 2017 kl. 11:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ekstra kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Åseral Nord er eit stort utbyggingsprosjekt som Agder Energi skal gjennomføre i Åseral i 2018-2020. Det skal byggast ny steinfyllingsdam ved Langevatn, som skal erstatte den gamle dammen når byggeperioden er over. Den nye dammen blir 210 meter lang og 40 meter høg på det høgaste. Magasinkapasitetet i Langevatn blir nesten dobla til 46 millionar kubikkmeter. Det skal også byggast ny overføringstunnell parallelt med den gamle mellom Langevatn og Nåvatn (magasin for Skjerka kraftverk) over ei strekning på 7,2 km av totalt 13 km. I tillegg kjem ei rekke mindre tiltak i samband med utbygginga, som endring av bekkeinntak, bygging av nye vegar og forbetring av gamle m.v. Arbeidet skal utførast av eit arbeidsfellesskap mellom Implenia Norge og Risa. Kontraktssummen er på rundt 600 millionar kroner.

Prosjektet skal vere ferdig innen utgangen av 2020.

Kjelder