Hopp til innhald

Vatndalsdammen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. desember 2017 kl. 09:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Dammen sett frå oversida
Dammen sett frå innsida
Foto: Reidar Tveito
Fil:Vatnedalsdammen 250616 (2).jpg
Dammen sett frå utsida.
Vatndalsvatnet, sett frå Sæbyggjenuten med Vatndalsdammen til venstre.
Foto: Reidar Tveito

Vatndalsdammen er ein steinfyllingsdam i austenden av Vatndalsvatnet i Bykle. Den er 120 meter høg og er ein av dei høgaste dammane i Europa. Ved foten er dammen 365 meter brei, og massevolumet er på 4,2 mill m³. Vatndalsdammen (hoveddam og sekundærdam) vart opna 4. oktober 1983 av dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen. Etter at dammen vart bygd, har Vatndalsvatnet ein magasinkapasitet på 1150 mill. m³ og reguleringshøgda er 140 meter. Vatnet i dammen vert nytta til energiproduksjon i Holen kraftverk.

Historie

Rettane til regulering av Vatnedalsvatnet stammer frå 1912. I dag er heile Vatndalen neddemt. Den første dammen vart bygd frå 1917 til 1919. I 1943 starta arbeidet med å bygge ein større reguleringsdam. Den vart fullført i 1947 og magasinet hadde då ein kapasitet på 142 mill m³.

Turistattraksjon

Vatndalsdammen er ein turistattraksjon og det er skilt «Dammar» ved riksveg 9Berdalsbru som viser vegen til dammen.

Kart

Laster kart ...

Kjelder