Kringlemoen
Kringlemoen er eit mindre stykke av den mykje større Runebergmoen på Senum i Hornnes. Kringlemoen ligg sør-vest på Runebergmoen, ved Senumskilen.
På Kringlemoen ligg to gravhaugar. Den eine er Senum gravhaug. Haugane er ikkje vitskapeleg granska, men stammar mest truleg frå folkevandringstida.