Hopp til innhald

Fagersand

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. september 2017 kl. 23:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Fagersand med Byglandsfjord i bakgrunnen.

Fagersand er ei lang sandstrand på nordsida av Senumskilen i Byglandsfjorden, ytst på ein odde i søre enden av Runebergmoen på Senum. Det går sti frå Senumsvegen gjennom Kringlemoen og Runebergmoen til stranda.

Historie

Før Senumsund bru kom i 1966, rodde folka på Senum og Byglandsfjord mykje over fjorden. Dei hadde båtane sine på Fagersand og ved Dampsaga på Byglandsfjord-sida. Også fergemannen på Gullsmedmoen rodde folk til og frå Fagersand mot betaling. Frå Fagersand gjekk det sti både til Senum og nordover mot Horverak og Bø.

Kjelder

Kart

Laster kart ...