Njardarheim

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. juli 2017 kl. 21:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Formatering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Njardarheim er ein svær eigedom staten eig i Setesdal Vesthei, i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. I sør strekker eigedomen seg til Øyarvatnet i Hylestad. I nord går han langt inn i Bykleheiane. Arealet omfattar mange mindre eigedomar og bruksnummer, men er samanhengande og utgjer totalt rundt 1 million dekar.

Statskog har forvaltningsansvaret for eigedomen.

Historie

Forretningsmannen Thorvald Heiberg (f. 1875, d. 1962) frå Oslo kjøpte i åra 1904-1915 i stort omfang opp ulike eigedomar i grenseområda mellom Setesdal og Sirdal. Til slutt eigde han eit heieområde på rundt million dekar. Oppkjøpa var i første omgang truleg mest økonomisk motiverte. Etter kvart vart Heiberg meir og meir fokusert på villreinen si sak.[1]

Litteratur

Referansar

  1. Magnar Undheim, Njardarheim, utgjeve av Kvæven Bygdetun, 1999, side 52-54