Flateland kraftverk
Foto: Geir Daasvatn
Flateland kraftverk er eit planlagt kraftverk i Vegusdal i Birkenes. Olje- og energidepartementet gav løyve til bygging ved vedtak av 13. september 2013, med seinare justeringar i vedtak dagsett 27. november 2015. Kjetevatn skal vere magasin for kraftverket. Vatn skal overførast frå Hovlandsåna ved Myklebostad til Kjetevatn gjennom ein ca. 5 kilometer lang tunnell. Ein ca. 2,5 kilometer lang tillaupstunnell skal føre vatnet frå Kjetevatn til sjølve kraftstasjonen på Flateland.