Postkassetrimmen i Valle
Postkassetrimmen i Valle er eit arrangement som Valle IL organiserer. Føremålet er å få så mange som råd er opp av godstolen og ut i naturen for å oppnå ei betre helse både fysisk og psykisk.
Ein kan hente pose med kart og oversikt over postar hos Statoil Rysstad, Coop Rysstad, Coop Valle og Joker Valle. I kvar pose er det eit kart for Oveinang, eit for Valle og eit for Hylestad. Postkassane er markerte på karta og så er det klippekort for dei respektive karta der ein klipper med tanga når ein er på postane. I alt er det 45 postar, og på kvar post er det ei bok for å notere at ein har vore der.
Krav til medalje
- 0-8 år: 5 postar
- 9-15 år: 15 postar
16-67 år: 25 postar over 68 år: 10 postar
Premiering vil skje i samband med Valle IL sin basar i november. Det er og premiering til dei som går alle postane i ei grend, den som samlar flest postar i sin klasse.
Postane
Oveinang
- Frå Hagefoss til Flateland camping, 2 km
- Frå Røysland til Nevredalen, 5 km
- Etter Veiådalsvegen til Gloppefossen, 3 km
- Før Edansfossen til Voglumstveit, 1 km
- Frå Ljosådalsvegen Bjørnarå til Oddeskar, 5,5 km
Valle
- Harstad - Gangshei, 0,5 km
- Harstad - Brottveit - Rike, ca 4 km
- Brottveit - Stavdalen, 3 km
- Valle skule - Vallarheim, 0,8 km
- Leite - ljosløypa - Lauvås, 1,5 km
- Preststøyl - Nordibøvegen til endes, 3 km
- Kyrvestad - Brenne - Ljosløypa - Leite
- Øvretveit - Tveitedalen, 2 km
- Sentrum - Jore
- Sentrum - Preststøyl
- Jore - Tveitebø - Vonheim
- Harstad - Tveitetunet, (Kvernhusvegen)
- Gråmannshus - Laugardalen
- Homme - Laugardalen, 4 km
- Åmli - Bøgruva - Bø, 1, 5 km
- Snuplassen i Hylesdalen
- Hylesdalen - Storelifjellet
- Berg - Kleggjestøyl
- Hylesdalen - Stavgrar
- Berg - Masta
Hylestad
- Skogsvegen - Neset sør på Hovet, 1 km
- Lykkje - Hagen - Bakken
- Krokan - Stemmen
- Bom, Breidal - Utom Øyetjønn
- Bjørgum - Bjørgelia, vel 1 km
- Bom, Breidal - Heievegen
- Brokkestøylen - Hommen, 4,5 km
- Brokkestøylen - ljosløypa
- Haugelandsvegen - Storås 640 m
- Haugelandsvegen - Åsemillom, 1,2 km
- Langfit - Toppen av skitrekk
- Soknehuset - Heimigard - Håmåren
- Haukedalsvegen - Naturparken, 0,5 km
- Gamlefjalskarbrui - Tverrli - Haukedalsvegen, 1 km
- Motorsenteret - Odde, 1 km
- Straume - Bommen, 1,5 km
- Åsheim
- Åsheim - Åsen, 1 km
- Heieveg - Bjørndalen - Besteland, 2 km
- Bommen - Heieveg, 2 km