Kommunevåpenet i Valle kommune

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. mai 2012 kl. 10:27 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ekstern lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kommunevåpenet er teikna av Daniel Rike

Kommunevåpenet i Valle kommune vart godkjent ved Kongeleg resolusjon den 11.5.1984. Det er teikna av Daniel Rike frå Valle. Rike har også teikna kommunevåpenet til ei rekkje andre kommunar i landet.

Andreaskrossane er svært vanlege motiv i all heraldikk. For Valle kommune sin del er inspirasjonen henta frå gamal kyrkjedekor.

Hylestad stavkyrkje med dei kjende Hylestadportalane, stod i bygda. Andreaskrossane er også brukte som del av mønsteret i setesdalskufta.

Eksterne lenker