Gjerden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. desember 2016 kl. 23:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gjerden Bykle)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjerden er ein gard i Kyrkjebygda (Bykle|Kyrkjebygda]] i Bykle. Han er ein av dei tre gamle gardane i Kyrkjebygda. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Det er tre hovudbruk i Gjerden; Attistog, Nordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå garden og blitt nytta til byggegrunn.

Trygve Gjerden eig dei to bruka Nordstog og Der inne. Saman med kona Torbjørg Gjerden har han restaurert dei gamle bygningane på bruka. For dette arbeidet har dei to fått Aust-Agder fylkes bygningsvernpris 2011.

Historie

Gjerden må ein gong i tida ha gått ut frå Byklum. Delinga ligg langt attende, heilt sikkert før år 1350, skriv Aanund Olsnes i Heimar og folk i Bykle.

Kjelder