Bjørnarå-Optestøyl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. desember 2016 kl. 07:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om finansiering fra Stortinget)
Hopp til navigering Hopp til søk

Riksveg 9 Bjørnarå - Optestøyl er eit vegprosjekt som er planlagt gjennomført på Riksveg 9 ved Bjørnarå i Bykle. Planområdet går frå kommunegrensa mot Valle i sør forbi Bjørnarå og nordover til Optestøyl. Lengda på den nye parsellen er ca. 5,1 km. Føremålet med tiltaket er å auke trafikktryggleiken og framkomet på strekninga. Det skal skje ved at ein utbetrar den eksisterande strekninga med ei høgare vegbredde frå 5,5 m til 7,5 m («gul midtstripe»), lagar betre kurvatur, får betre stigningsforhold, aukar vegens bæreevne, betrar siktforholda og etablerer sikkert sideterreng. Alle tiltaka vil i hovudsak skje på eller nær den eksisterande vegen.

Bykle kommunestyre vedtok detaljreguleringsplan for Rv-9 Bjørnarå - Optestøyl i kommunestyremøte 17. november 2016. I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2017 i Stortinget i desember 2016, blei det sett av midlar til oppstart av prosjektet i 2017.

Kjelder

Eksterne lenker