Tone Å. Rysstad
| Tone Å. Rysstad | ||
|---|---|---|
| Født: | 1961 (alder 64–65) | |
Tone Å. Rysstad (fødd 1961) er bonde på Rysstad. Ho er dotter til Ånund O. Rysstad og Sigrid Rysstad og overtok garden like sør for Hylestad kyrkje etter han. I gardsdrifta forvaltar ho og selskapet Myklevatn AS som er medeigar i Kvisle Eigedom. Ho er også medeigar i Kvisletoppen.
I fritida er Tone Å. Rysstad med i ei musikkgruppe og syng folkemusikk saman med Tora Åkre Lund og Anne Helle Hagen. Tone Å. Rysstad er etterkomar etter eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten både på morssida og farssida.
Kjelder
- Tone Å. Rysstad hos proff.no
- Er denne dalen stedet med flest Eidsvoll-etterkommere i Norge? Artikkel og bilde i VG 12. april 2014
- Etterkommere etter Olav Knutsson Tveiten
.