Folkemusikkprosjektet i Setesdal
Folkemusikkprosjektet i Setesdal er eit rekrutteringsprosjekt som skal arbeide for å få opp interessa for folkemusikk og folkedans i Setesdal. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre Setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle. Setesdal Regionråd og Aust-Agder fylkesskommune. er også med i prosjektet. Trond Mikkelsen er prosjektleiar. Han held til i Valle.
Aktivitetar i kommunane
- Trine Merete Sjølyst og Erlend Viken besøkte skulane Byglandsfjord, Bygland, Hylestad og Valle og leikarringane i Bykle og Valle med kurs i folkedans i november 2010.
- Jolefest for leikarringane i Setesdal på Bykle samfunnshus 15. desember 2010 kl 1700-1900. Graut, dans og felespel.
Bygland
- Folkemusikkprosjektet i Setesdal er involvert i eit skuleprosjekt der elevar framførar eit stykke av Hans E. Kinck, Bondebruddaup i Setesdal, med slåttemusikk og gangar.
Valle
- Munnharpekurs med Sigurd Brokke for elevar i 10. klasse på Valle skule tre fredagar hausten 2010.[1]
- Kurs i kveding med Kirsten Bråten Berg våren 2011 for elevar i 10. klasse på Valle skule.
- Rygnestadprosjektet er foreløpig på idèstadiet. Ideen er å dramatisera Vonde Åsmunds tilbakekomst til Rygnestad etter mange år i utlandet.