Bygdestøylan
Foto: Geir Daasvatn
.Bygdestøylan er ein stad i Bykle, omlag fire kilometer nord for Bykle kyrkjebygd, langs Riksveg 9 på vestsisa av Otra, på veg mot Hovden. Her hadde gardane Byklum og Gjerden bortestøylane sine i tidlegare tider. I dag held Byklestøylane Camping til her.
Staden har i seinare årtider mykje vore kalla Byklestøylane. Men i 2015 fastsette Statens Kartverk at skrivemåten skulle vere Bygdestøylan.
Kjelder
- Om skrivemåten hos Statens Kartverk
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal