Kjetså skule
Kjetså skule var ein skule i Voilestø på Kjetså i Hornnes til 1972.
Historie
Ein reknar med at det har vore skule i Evje og Hornnes frå første halvdel av 1740-talet. Dette var allmugeskule, med undervisning nokre veker om hausten og våren. Undervisninga skjedde rundt om på gardane eller i andre leigde lokale.
Kjetså-garden høyrde før 1846 til i «ytre skuledistrikt», og utgjorde ei rote saman med Hornnes-garden og Faret. Etter 1846 var Kjetså i rote saman med Hornnes-garden, Hannås og Strøyman.
I 1868 blei eit eige skulehus teke i bruk på Kjetså. Kostnaden med bygget skal ha vore rundt 800 specidalar. No var det slutt på omgangsskulen som flytta frå stad til stad. Dei gardane som sokna til dette skulehuset var Faret, Hornnes, Kjetså, Tveit, Strøyman og Hannås. I 1866 skal 47 born ha sokna til dette området.
I 1918 eller 1919 blei det bygd nytt skulehus i Voilestø. I dette bygget heldt Kjetså skule til fram til 1972, då den nye Hornnes barneskule vart teke i bruk.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Skulen i Hornnes, kapittel i Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 405-447
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Norsk Faglitteratur/G. Reinert, Oslo 1956, side 455