Klippen Bykle

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. januar 2016 kl. 12:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Bykle kyrkjebygd)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klippen.
Foto: Utlånt av Sigrid Bjørgum

Klippen Bykle er huset til Klippen Pinsemenighet i Bykle. Det ligg i Bykle kyrkjebygd. Huset blei bygd i 1959. I 1980 kom det eit tilbygg. Huset blir brukt til religiøse møte og bønnemøte, og dei burmesiske baptistane bruker huset til sine samlingar. Klippen blir også brukt som base for innsamling av klede som vert sendt til Ukraina.

Historie

I 1941 fekk Såve og Elisabeth Torstveit eit kall til å flytte til Bykle frå Skafså i Telemark. Etter mange år med husmøte og møte i skulehus rundt i Bykle og Valle, fekk dei endeleg sitt eige hus i 1959. Olav Tveitvodd gav tomta gratis til menigheten. Huset er framleis i bruk, sjølv om medlemstalet er lågt.

Kjelder