Setesdalslaget i Oslo

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. april 2010 kl. 12:17 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (mellomtittel)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdalslaget i Oslo har som mål å samle utflytte setesdølar og vil bygge på den felles kulturen dei har vakse opp med. Gangarkurs, kvedarkurs, t-skjorteproduksjon og samlingar er aktuelle aktivitetar. Laget vart reetablert 28. oktober 2009 etter at det hadde blitt lagt ned nokre år tidlegare.


Olav Bendic Hovet var framsynt og hadde i førekant booka Halli i Nordahl Bruns gate som var det gamle lagets tilhaldstad. Med dette vert det tilskipa fest den 12.12.2009. Me gjentek suksessen frå forrige gong med quiz, og denne gongen er det byglendingane Vetle Toreid og Sveinung Skjevrak som har teke utfordringa om å lage denne. Denne festen vil koste kr. 50 som skal gå til innmelding i Bygdelagssamskipnaden og Norges ungdomslag. Her vert det spel og dans frå 19.00 til 01.00 og alle setesdølar er sjølvsagt velkomne.

Styret

Eksterne lenker