Ljosådalen
Ljosådalen er eit 15-20 kilometer langt dalføre lengst nord i Valle kommune, på vestsida av hovuddalføret Setesdal med Otra i dalbotnen. Ljosådalen, med Ljosåni i dalbotnen, strekker seg frå Setesdal Vesthei i vest og ganske rett nord-aust med utlaup i Otra rett vest for Bjørnarå i Bykle. Omlag halve dalføret, den indre delen lengst vest, ligg innanfor Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. 11. desember 2015 blei Ljosådalen også verna som naturreservat.
I den austre enden av Ljosådalen ligg den gamle husmannsplassen Oddeskar, som er vidgjeten etter at Daniel Oddeskar fekk øydelagt ansiktet her i kamp med ein bjørn.