Målreisinga i Evje og Hornnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. desember 2015 kl. 06:23 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Laget et lite avsnitt med kort sammendrag av bakgrunnen for målreisinga)
Hopp til navigering Hopp til søk

Målreisinga i Evje og Hornnes, arbeidet med å få nynorsk (landsmål) inn i skule, kyrkje og administrasjon, kom for alvor i gong etter eit møte i forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank 7. januar 1892.

Bakgrunn

1814 er eit merkeår i Noregssoga. Ei systematisk oppbygging av den nye nasjonen tok til. Eit eige språk og ein eigen litteratur er viktige byggesteinar for eit sjølvstendig land. Noreg hadde ingen av delane i 1814. Dansk språk og kultur dominerte frå før. Nå var nasjonen også truga av svensk påverknad. Ivar Aasen gjekk i gong med sitt store prosjekt med siktemål å etablere eit norsk skriftspråk, eit «landsmål». Han tok utgangspunkt i det han meinte var ein ubroten måltradisjon frå norrøn tid og fram til samtida. Men det var politisk usemje om kva som var «norsk». Knud Knudsen var Ivar Aasens rake motsetning med omsyn til kven som skulle representere det norsknasjonale. Knudsen bygde på talespråket til den sosiale klassen som hadde stått bak og gjennomført 1814, og som var den politisk styrande og kulturelt leiande i det nye Noreg. «Om desse to ulike vegane til eit samla norsk språk stod striden ut heile hundreåret», skriv Rita Flottorp fram i si fordjupingsoppgåve om målreisinga i Evje og Hornnes i grunnfagstudiet i nordisk frå 2000/2001.

I 1878 vedtok Stortinget at elevane si dialekt skulle leggast til grunn for den munnlege undervisninga i almugeskulen. Dette vedtaket blei eit «springbrett» for «jamstellingsvedtaket» i 1885, då dei to skriftformene blei offisielt jamstelte. Så kom til slutt den såkalla «målparagrafen» i 1892. Lova gav dei lokale skulestyra rett til å avgjere kva for ei av dei to skriftformene elevane skulle ha den skriftlege opplæringa i. «Dermed var dei formelle vedtaka gjorde for at landsmålsrørsla kunne gå i gang med arbeidet for å vinne rom for det skriftspråket som frå 1929 fekk namnet nynorsk», held Rita Flottorp fram.

Den første framstøyten i Evje og Hornnes

Forstandarskapet skulle vedta ny plan for banken. Ei nemnd hadde på førehand utarbeidd eit framlegg. Ola G. Lauvland føreslo då at planen skulle omsetjast til norsk bygdemål (landsmål) og leggast fram og gjennomgåast på eit seinare møte. Der skulle det då avgjerast kva for målform planen skulle trykkast på. Futen i Setesdal, Andreas Holaas, tok på seg omsetjingsarbeidet, der det trongst juridisk kompetanse. «Med den bakgrunn han hadde kan det tenkjast at det er han som eigentleg stod bak framlegget. Han blei med i forstandarskapet som formann året etter. Ola G. Lauvland var kasserar i banken og eldste bror til Jørgen Løvland, så det er ikkje utruleg at også han (Jørgen) kan ha hatt ein finger med i spelet», meiner Rita Flottorp i oppgåve si.

Forstandarskapet samla seg til neste møte 21. mars 1892. Her behandla dei « et af O. G. Løvland fremsat forslag om at Planen for banken omskrives paa Bygdemaal» og «et af Hr. Foged Hølaas udarbeidet Udkast til Plan blev oplæst og vedtaget mod 6 stemmer». Dei som truleg røysta for framlegget var: Lærar Hans Faret, lærar Klemet Syrtveit, lærar Ole N. Løvland, T. Ø. Aaneland, Salve N. Løvland, Ole N. Kleveland, Ole J. Bjorå, Ole T. Fennefoss, Ole N. Galteland, Eirik S. Bjoraa, Notto A. Østerhus, lensmann Olav J. Haavardstad og landhandlar Gunnar O. Abusdal.

Denne første framstøyten kom ut på ei ørkenvandring i samband med godkjenningsprosessen i departementet, og rann meir eller mindre ut i sanden. Men det var altså god grobunn for målreising i bygda på den tida. Dei nemnde forstandarane i banken, med alle sine andre verv og ombod, var politiske og kulturelle tungvektarar og hadde posisjonar i det lokale næringslivet. «Ein må vel elles sjå dette i samanheng med den politiske unionsstriden, der målreisinga var eit viktig «våpen». Ingen av dei skreiv på «landsmål», så vidt ein veit», held Rita Flottorp fram.

To lærarar påvirkar utviklinga

Kjelder