Bygland, Evje og Hornnes kulturskole
Bygland, Evje og Hornnes kulturskole er ein interkommunal kulturskule for dei to kommunane, oppretta i 1998. Evje og Hornnes er vertskommune for ordninga.
Administrativt ligg kulturskulen under eining for kultur i Evje og Hornnes kommune. Kulturskulen har f.o.m. 2010 inspektør i 50% stilling, som har ansvaret for den daglege drifta. I 2015 er dette Thomas Stanghelle. Samla stillingsressurs i 2015 er omlag 2,79 årsverk. Evje og Hornnes har omlag 2,03 årsverk, medan Bygland har omlag 0,76 årsverk.
Sju lærarar underviser for tida i kulturskulen. Undervisningsstillingane er frå 5% til 60%.
Kulturskulen har i 2015 rundt 130 elevplassar, fordelt på 100 i Evje og Hornnes og ca 30 i Bygland.