Nordtjønn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. november 2015 kl. 10:13 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Lenke til gapahuk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordtjønn sett fra austsida av vatnet.

Nordtjønn er eit lite vatn på Senumsheia, på vestsida av Byglandsfjorden, heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Det går skogsbilveg frå Gullsmedmoen opp den bratte lia til tjønna. Frå tjønna går det sti vidare vestover i terrenget til den gamle Otra-hytta, som no er i privat eige. Nordover går det sti til toppen av den gamle Byglandsfjord Fjellheis. Lokale friluftsentusiastar har laga ein fin gapahuk ved tjønna, der det er fint å ta ein rast om ein er på fottur i området. Ut av vatnet og ned lia til Otra renn Sagebekken.

Kjelder

Kart

Laster kart ...