Åkre
Åkre er ein gard (gnr. 46) i Valle kyrkjebygd (Vaddebø). I vest er Otra grannen. I sør og sør-aust grenser garden mot Harstad og Brottveit. I nord ligg Rike. Garden er mykje gamal, mellom dei eldste i bygda.[1]
Jorda ut mot Otra er flate. Garden har gjennom tidene vore utsett for flaum. Først etter reguleringane av Otra i 1960-åra blei garden for alvor fri for flaumfaren. Den siste storflommen var i 1933. Vatnet skal då ha gått heilt oppetter husveggane på Åkre.[2]
Litteratur
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 81-143
Referansar
<references>
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 83
- ↑ Valle kommune IV, side 81