Ivelandsstev før kommunevalet 2015

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. september 2015 kl. 13:03 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ivelandsstev før kommunevalet 2015)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivelandsstev før kommunevalet 2015 er eit stev som varaordførar i Iveland, Sig Tove Aasen laga og framførte på siste kommunestyremøte i Iveland kommunestyre før kommunevalet 2015:


Me slipar knivar og spenner boge
og brøyter veg gjennom eld og loge.
Me sneier vener med harde ord
og stemner fram mot eit styrebord.

Å stenge ute ho Gro-Anita
den vona er både tunn og lita.
Ho sit'e støtt ved det gylne bord
og styrer klubba med milde ord.

Ja, koss det gjenge ell' ikkje gjenge,
vår kjære heimbygd vil vare lenge,
og folk vil leve i Iveland
av jord og stein og av flaskevann.

Kjelde