Støyledalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. september 2015 kl. 12:14 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Støyledalen er eit lite dalføre i fjellet nord for den austre enden av Botsvatn i Bykle kommune. Den sommaropne anleggsvegen frå Nordbygdi til Store Urevatn går gjennom dalen. Sørover gjennom dalen og ned i Botsvatn renn Skargjesåni. I den søre enden av dalen kastar elva seg utføre den svære Rjukanfossen.

Gardane Holen og Tveiti i Nordbygdi hadde støylane sine i Støyledalen. Dalen låg ikkje så langt borte, og var lett tilgjengeleg. Holsstøylane og Tveitestøylane låg på kvar si side av Skargjesåni. Bortestøylane til Tveiti-bruka var Fosstøyl, Øystøyl, Blomstøyl, Fit og Ljoråsen. Holen-bruka hadde Kaupmannsbui, Råsi, Tykkholt og Nygårdsstøylen.[1] Støylsdrifta i Støylsdalen skal ha halde på heilt til slutten av 1960-talet.[2]

I gamle tider reiste folka frå Nordbygdi mykje vestover til Ryfylke. Ein mykje brukt ferdaveg gjekk gjennom Støyledalen, opp Svelgen, over Smalevasseggi og vidare over fjellet til Kvilldal ved Suldalsvatnet. Ein annan veg gjekk også gjennom Støyledalen. Men då tok ein ikkje opp Svelgen, men nordover ved Kaupmannsbui og over fjellet til Vatndalsvatnet. Herfrå tok ein vidare vestover til Suldal.[3]

På støylen Kaupmannsbui var det marknad for byklarar og for «nordmenn» (folk frå Ryfylke) kvar sommar på 1600-talet.[4]

Referanser

<references>

  1. Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 273-276
  2. Nordbygdi - slik ho var, s. 266
  3. Nordbygdi - slik ho var, side 111
  4. Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, s. 249