Storetjønn
Utsjånad
Storetjønn er eit lite vatn i naturskjønne omgjevnader langs Nordbygdevegen rett aust for Botsvatn i Bykle. I austre enden av vatnet er det stelt i stand ein fin rasteplass. Her, ved inngongen til Setesdal vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde, er det også sett opp informasjonstavler som fortel litt om kva slags aktivitetar som er tilletne i verneområdet og området sin historie.