Kraftanlegga til Otra Kraft

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. august 2015 kl. 23:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Liten språkendring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Breive pumpestasjon i Bykle.
Foto: Siri Johannessen

Kraftanlegga til Otra Kraft står i 2010 bokførte med rundt 3 milliardar kroner. Om dei skulle vorte bygde i 2010, ville dei ha kosta opp mot 10 milliardar. Overskotet frå kraftproduksjonen til Otra Kraft blir delt mellom Agder Energi, som får 68,6% og Skagerak Energi som får 31,4%.

Det dåverande selskapet I/S Øvre Otra bygde kraftanlegga som i dag vert disponert av Otra Kraft:

  1. Brokke 1
  2. Brokke II
  3. Holen kraftverk med Vatnedalsdammen og Breive pumpestasjon
  4. Skarje pumpestasjon
  5. Dammane ved Urevatn

Med dette var konsesjonane frå 1974 bygde ut.

I 2004 fekk selskapet nye konsesjonar for vidare utbygging. Dei vart kalla Brokke Nord og Brokke Sør. I 2012 starta utbygginga av Brokke Nord, med oppdemming av Sarvsfoss i Bykle og ein ny kraftstasjon ved Botsvatn. Anlegget stod ferdig sommaren 2014.

Kjelde