Lislestog
Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum, ei samling av gamle bygningar, under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd i Bykle.
I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekkjetun som har vore vanleg i Setesdal, men er plassert etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.
Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere den tilgjengeleg for ålmenta. Seinare vart det også flutt hit eit nytt tømra hus som vart bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er bruka til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er elles stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.