Program for Nordisk strikkesymposium 2015
Program for Nordisk strikkesymposium 2015 er eit oversyn over programmet for arrangementet, som hadde utgangspunkt på Revsnes Hotell og vart halde frå 29. juni 2015 til 4. juli 2015.
Velkomsthelsingar
- Leiv Rygg, ordførar og sauebonde
Det er svært morosamt at det vert strikkesymposium i Bygland i Setesdal – spelsaudalen. Når dei gamle grekarane samla seg til symposium var det for å drøfte politikk, filosofi og kunst i godt lag, med følgje god mat og drykk. Det er ein god vidareføring av tradisjonen at ein no samlar seg til strikkesymposium, strikking er kunst!
- Fatima Aakhus, leiar i Bygland husflidslag
Velkomen til Bygland og Setesdal. Bygland husflidslag driv mykje frivillig arbeid og er med på lokalsamfunnsutviklinga gjennom kurs og arrangement. Medlemmane er våre er kulturberarar gjennom den handlingsborne kunnskapen dei formidlar m.a. innafor bunadstilverknad og for å halde m.a. lusekofta og anna særmerkt aktuelt i høve samtid og framtid. No tek vi eit stort seg inn på den internasjonale arenaen og håper du som gjest vil glede deg over det vi har å by på i lag med våre med-arrangørar og ikkje minst dyktige føredrags- og kurshaldarar! Med ønskje om ei minnerik veke i Setesdal for kvar og ein!
- Annemor Sundbø, Katrine Bringsdal og Signe Sollien Haugå, Nordisk strikkesymposium – Setesdal 2015 - programkomiteen
Vi har i lang tid gleda oss til å ta imot gjester frå mange land – og til å vere vertskap for Nordisk strikkesymposium 2015. Velkomen til nordisk strikke-eventyr og lusekofta sin heimstad i Noreg!
Program
Sundag 28. juni 2015 – Byglandsfjord – Revsnes hotell
- 18:30 Offisiell opning - Svein Harberg - leiar Stortinget sin familie og kulturkomité
- Middag for sympiosiedeltakarar og andre inviterte gjester
- 19:30 Opningssamling med Signe Aarhus – Oleana
Måndag 29. juni 2015 - Revsnes hotell / Byglandsfjord skule
- 8.15 Morgonsamling - Presentasjon: Stella Ruhe, Nederland
- 10.00 -18.00 Heildagskurs
- 19.30 Kveldssamling- Presentasjon: Lita Rosing-Schow, Danmark
Tysdag 30. juni 2015 – Revsnes hotell, Byglandsfjord skule
- 8.15 Morgonsamling: Riina Tomberg, Estland
- 10.00 -18.00 Heildagskurs
- 19.30 Kveldssamling: Torild Velure og Torun Selstad, Norge
Onsdag 1. juli 2015 – Ose
- 10.00 Annemor Sundbø - Ose Ullvare - strikkeutstillinga
- Tone Loeng - Facebook-eventyret Koftegruppa
- 11.15 - 12.30 Arne & Carlos, Norge - designarduo med røter i Setesdal
- Marknad. Ope på Ose Turistheim og Storstoga Ose
- Gjesteutstillar: Jeannie Ozon Høydal
- Minikurs – antikksaum – Åraksbø
- Ettermiddag – stopp på utsiktspunkt, atelier, turvegar osv etter ønskje på returen til Revsnes
Torsdag 2. juli 2015 – Bygland – Museum/ kyrkja
- Seglingar med dambåten DS Bjoren med minikurs om bord
- 12 - 14.40 Husflidslaget tek imot på Bygland museum med litt "folkelore", handverksdemonstrasjonar og aktivitetar. På Glashytta - sjå og høyre om glasblåsing. Smaken av Setesdal med rømmegraut. Felespelar Jamie Lodeberg. Fatima Aakhus guidar. Bjoren brygge er open. Matsal
- 12:15 Stemningsfullt tonetreff i Bygland kyrkje med Kim André Rysstad i møte med folketonar frå Færøyane ved Karin Brattaberg
- 19:30 Kveldsamling - Revsnes: Gunnel Sandquist, Sverige, - om Hallandsstickning (binge)
Fredag 3. juli 2015 - Valle/ Rysstad
- Formiddag – Utflukt – Husfliden og Hasla i Valle
- Soknehuset – Rysstad
- 13.00 - 13.45 Karin Brattaberg, Færøyene
- 13.50 - 14.35 Elizabeth Johnston
- 14.35 - 15.00 Kaffipause - matsalg
- 15.00 - 15.25 Setesdalsmuseet, Leohnard Jansen
- 15.30 - 16.10 Moteshow Kristin Elise Halkjelvik, Norge
- 16.15 - 16.50 Kulturpatruljen
- 20:00 Festmiddag - Revsnes hotell
Laurdag – 4. juli 2015 – Avslutning og avreise
- 09:00 Avslutningssamling - offisielt program
- 09:30 Avreise ekskursjon til Sjølingstad ullvarefabrikk – for påmeldte
Kjelde
- Programhefte for arrangementet