Lars Knutson Liestøl

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. juni 2009 kl. 10:39 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (stoff fra wikipedia)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lars Knutson Liestøl (født 13. juni 1839 i Åseral, død 15. desember 1912 i Kristiansand) var ein norsk lensmann, bonde og politikar for partiet Venstre.

Lars Liestøl var lensmann i Bygland frå 1866 til 1888 og brukte gården Frøysnes fra 1870. Han sat i Bygland kommunestyre i 36 år og var bygdas ordførar i tolv år. Han hadde i tillegg ei lang rekke lokale offentlege verv.

Han var innvalgt til Stortinget i heile ti perioder, første gong i 1874. Han døydde før han fekk begynt på sin tiande periode. Mesteparten av tida var han medlem av justiskomiteen.

Han var statsråd og sjef for Revisjonsdepartementet frå 5. mars 1888 til 22. februar 1889 i Johan Sverdrups regjering. Frå oktober til desember 1888 leidde han og Indredepartementet.

Målmann

Liestøl var sterkt engasjert i målsaka, og var i 1885 med på å vedta sidestilling mellom dei to målformene i landet.[1]

SitatEg kan ikkje længre halde det ut med at skriva Dansk, fyredi Tankarne verde so innesnørde som ei turka Næver.Sitat
– Brev fra Lars Liestøl til faren Knut Larson Liestøl i 1865[2]

Han var sjølvlært i engelsk og studerte på eiga hand Englands historie og særleg Amerikas historie. Han hadde også særlige anlegg for tegning.

I 1899 vart han utnemnd utnevnt til ridder av St. Olavs Orden.

Lars Liestøl var son av bonde, lensmann og stortingsmann (1865–1873) Knut Larson Liestøl og hustru Gyro Grundesdatter. Han var gift med Laura Vilhelmine Josefine Sabro. Knut Liestøl, professor i folkeminnevitenskap, var nevøen hans.

Referansar

  1. Ottar Grepstad: «Språkleg valfridom: eit demokratisk dilemma». Foredrag på Språk 2005 i Bærum kulturhus, Sandvika 9. april 2005
  2. Åsulv Frøysnes: «Lars Liestøl og målsaka», Syn og Segn 1971, s. 157

Litteratur

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Eksterne lenker