Elise Marie Kringen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. mai 2015 kl. 21:59 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fdato)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Elise Marie Kringen
Foto: Siri Johannessen
Født: 7. mai 1953 (72 år)

Elise Marie Kringen (fødd 7. mai 1953 i Meråker) er assisterande rådmann i Valle kommune frå 2009. Før det var ho rektor på Hylestad skule, ei stilling ho hadde i to periodar. Først kom ho til Hylestad skule som rektor i 1986 og hadde stillinga til 1994. Deretter arbeidde ho som sjølvstendig pedagogisk konsulent nokre år før ho vart rådgjevar og avdelingsleiar på Sørlandets kompetansesenter. I 2007 kom ho tilbake til Hylestad skule som rektor.

Ho er gift med Knut T. Berg og bur på Uppstad. Dei driv med sau og har 160 vinterfora sauer. I tillegg har dei saman med to andre grunneigarar starta opp arbeid med Uppstad Fjellgrend, som er eit hytteprosjekt med hundre tomter.

Elise Marie Kringen er utdanna lærar frå Stord lærarhøgskule i 1976. Deretter reiste ho til Finnmark og var lærar i Gjesvær i åtte år. Sidan tok ho vidareutdanning i Oslo i spesialpedagogikk og tok embetseksamen der. Ho arbeidde i Bykle og Kviteseid medan ho vidareutdanna seg.

Ho er aktivt engasjert som sauebonde og er med i både lamming og drift av garden. Og ho likar godt å gå i heiane.