Britt Ingrid Andersen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. desember 2014 kl. 19:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks på handballgruppa)
Hopp til navigering Hopp til søk
Britt Ingrid Andersen
Britt Ingrid Andersen og Owe Wathne
prøver iPad i Evje kommunestyre
Født: 2. mai 1960 (65 år)

Britt Ingrid Andersen (født 2. mai 1960 på Setermoen) er konsulent i administrasjonen på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Ho vaks opp på Evje og gjekk på Hornnes gymnas si linje for handel og kontor. Sidan arbeidde ho i sentraladministrasjonen til Evje og Hornnes kommune, i administrasjonen til Agder Energi, som attføringskonsulent hos Setpro før ho fekk jobben ho har no. Britt Ingrid Andersen stod på 3. plass på AP-lista i Evje og Hornnes 2011 og vart vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre. Ho er styreleiar i Setesdal Revisjonsdistrikt IKS og første varamann til Evje og Hornnes forliksråd og til plan- og bygningsrådet i Evje og Hornnes 2011.

I fritida er ho aktiv støttespelar for handballgruppa i Otra IL. Som politikar må ho og lese kommunale papir, men ho likar og å slappe av med ei god bok.

Kjelde