Kjetsåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. desember 2014 kl. 11:14 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Endret navnet på Stebekken for å skille fra andre Stebekker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rett ovanfor badeplassen "Fossen" på Kjetså er det ein liten demning i Kjetsåna.

Kjetsåna kjem frå heiene nordanfor Tveit i Hornnes, og renn ut i Otra frå vest i Breiflå (Voilan) ved Kjetså. Oppover mot Tveit kallast ho Tveiteåna og endå lenger inne på heia Stebekken (Tveit).

Namnet har truleg opphav i ketill, som tyder kjele. Oppover i Kjetsåna-vassdraget er det fleire "kjelar", runde hølar etter at isblokker har smelta i morenemassen.

Til mest kvar gard i tidlegare tider høyrde det ei kvern der dei mol korn. I Kjetsåna kunne det vere opp til seks kvernhus. Kjetsåna var lenge ei verdfull flotingselv, som bar tømmer fram til Otra. På Tveit i Hornnes var det fleire vassdrivne sagbruk langs elva.

Kjelder

Kart

Laster kart ...


Eksterne lenker

Bilete av Kjetsåna på Flickr