Kjetsåna

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. november 2014 kl. 12:12 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om flotingselv)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rett ovanfor badeplassen "Fossen" på Kjetså er det ein liten demning i Kjetsåna.

Kjetsåna kjem frå heiene nordanfor Tveit i Hornnes, og renn ut i Otra frå vest i Breiflå (Voilan) ved Kjetså. Oppover mot Tveit kallast ho Tveiteåna og endå lenger inne på heia Stebekken.

Namnet har truleg opphav i ketill, som tyder kjele. Oppover i Kjetsåna-vassdraget er det fleire "kjelar", runde hølar etter at isblokker har smelta i morenemassen.

Til mest kvar gard i tidlegare tider høyrde det ei kvern der dei mol korn. I Kjetsåna kunne det vere opp til seks kvernhus. Kjetsåna var også lenge ei verdfull flotingselv, som bar tømmer fram til Otra.

Kjelder

Kart

Laster kart ...


Eksterne lenker

Bilder frå Kjetsåna på Flickr