Britt Enny Haugland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. oktober 2014 kl. 20:57 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Britt Enny Haugland
Født: 14. januar 1972 (54 år)
Britt Enny Haugland med joleplata ho tok initiativet til i 2006

Britt Enny Haugland (fødd 14. januar 1972) er sjukepleiar frå Åseral. Ho vaks opp i Bjelland og gjekk musikklinja på Vågsbygd videregående skole. Siden tok ho og vidaregåande skule i Kvinesdal. Deretter utdanna ho seg til sjukepleiar i Kristiansand. Ho var ferdig med den utdanninga i 2001, då hadde ho alt i mange år arbeidd på Åseralsheimen, der ho tok til i 1993. I januar 2009 slutta ho og begynte som avdelingsleiar open omsorg i Evje og Hornnes kommune. Men etter vel to års pendling til Evje fekk ho sommaren 2011 jobb som dagleg leiar i Åseral Industrier. I 2009 tok ho utdanning i administrasjon ved Høgskolen i Nord-Trøndelag.

CD

I 2006 fekk ho med seg andre musikarar frå Åseral for å lage ei joleplate, Julesanger med artister fra Åseral. Der song ho «River» av Joni Mitchell, sangen låg på Sørlandstoppen rundt jol det året.

Kjelde

Eksterne lenker