Eg la meg ned om joleptdagjen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. oktober 2011 kl. 22:55 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Eg la meg ned om joleptdagjen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg la meg ned om joleptdagjen er eit gamlestev som Kirsten Bråten Berg kved på musikkalbumet Juletid, som kom ut i 1991. Det er spor nr. 8 på albumet og har tre strofer. Deu er henta frå Gamalt or Setesdal av Johannes Skar. Tonen er frå Setesdal etter Gro Heddi Brokke:

Eg la meg ned om joleptdagjen
eg ville no barre kvile
eg vakna 'kje fyrr om trettandedagjen
då fokkju åt kyrkjunn sill' rie.
Eg la meg ned om joleptdagjen
goan svemnen fekk;
eg vakna 'kje fyrr om trettandedagjen
då fokkju åt kyrkjunn gjekk.
Eg la meg ned om joleptdagjen
de' va' i so go' ein timi
eg vakna 'kje fyrr om trettandedagjen
då fokkju åt kyrkjunn sill' rie.

Kjelde

  • Heftet som fylgjer med musikkalbumet