Hopp til innhald

Vatndalsdammen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. april 2011 kl. 11:08 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenke)
Vatndalsvatnet, sett frå Sæbyggjenuten med Vatndalsdammen til venstre.

Vatndalsdammen er ein steinfyllingsdam i austenden av Vatndalsvatnet i Bykle. Den er 120 meter høg og er ein av dei høgaste dammane i Europa. Ved foten er dammen 365 meter brei, og massevolumet er på 4,2 mill m³. Vatndalsdammen (hoveddam og sekundærdam) vart opna i 1983 av dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen. Etter at dammen vart bygd, har Vatndalsvatnet ein magasinkapasitet på 1150 mill. m³ og reguleringshøgda er 140 meter. Vatnet i dammen vert nytta til energiproduksjon i Holen kraftverk.

Historie

Rettane til regulering av Vatnedalsvatnet stammer frå 1912. I dag er heile Vatndalen neddemt. Den første dammen vart bygd frå 1917 til 1919. I 1943 starta arbeidet med å bygge ein større reguleringsdam. Den vart fullført i 1947 og magasinet hadde då ein kapasitet på 142 mill m³.

Turistattraksjon

Vatndalsdammen er ein turistattraksjon og det er skilt «Dammar» ved riksveg 9Berdalsbru som viser vegen til dammen.

Kart

<googlemap version="0.9" lat="59.456723" lon="7.378864" type="map" zoom="11"></googlemap>

Kjelde